Fiolin- og pianotonar i mørketid

Førjulskonsert i Gamlebanken

Fiolinistane Miriam Bergset og Iain Gibbs, og pianist Andreas Løken Taklo inviterer til førjulskonsert i Gamlebanken komande torsdag.

Lys i mørketida: Fiolinistane Iain Gibbs (t.v.), Miriam Bergset, og Andreas Løken Taklo inviterer til førjulskonsert i gamlebanken komande torsdag. Foto: Privat 

Nyhende

– Vi står i ei annleis førjulstid – restriksjonar gjer det vanskelegare å møtast, og mange kjenner på einsemd. I slike tider får førjulskonsertane ein ny dimensjon, ein stad der ein kan møtast, på avstand og i trygge rammer, og få eit avbrekk frå verda utanfor. seier Miriam Bergset som opphavleg er frå Nordfjordeid, men som no er busett i Oslo på tiande året, der ho livnærer seg som frilanse musikar og som medlem av Ensemble Allegria.