Mykje lakselus på Vestlandet

På strekningen Rogaland – Trøndelag vart det observert mykje lakselus på villaks og sjøaure i år. På Sørlandet og nord for Trøndelag var det vesentleg mindre lus på villfisken samanlikna med Vestlandet.

Illustrasjon.  Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK

Nyhende

Det viser resultata frå overvakingsprogrammet for lakselus på vill laksefisk (NALO) langs Norskekysten. Overvakinga vert gjort av Havforskingsinstituttet , i samarbeid med NORCE og NINA, og er på oppdrag frå Mattilsynet og Nærings- og fiskeridepartementet.

– Undersøkingane av trålfanga laks på utvandring frå elvane viser at det var meir lus i Boknafjorden og Hardangerfjorden i år enn i fjor, mens det var mindre i Sognefjorden og Romsdalsfjorden, seier Rune Nilsen som er prosjektleiar for villfiskovervakinga (NALO) ved HI, i ei pressemelding.

Det er omtrent det motsette av kva som vart observerte i 2019 då det var meir lus i Sogn og Romsdal og mindre i Boknafjorden og Hardanger.

Ofte mest lus på sjøaure

Sjøaure oppheld seg langs kysten i sommarhalvåret, i motsetning til laksen som svømmer direkte frå elvane til oppvekstområde i havet. Dermed er sjøauren i område med mykje lus i lengre periodar enn det laksen er og får ofte meir lus på seg.

På Sørlandet er det generelt lite lus, også i området ved Flekkefjord der tettleiken av oppdrettsanlegg er høgast på Sørlandet. Dette er i samsvar med tidlegare år.

I Nordhordland og Sogn er det mykje lus på sjøauren, med unntak av stasjonen langt inne i Sognefjorden. Data frå sjøaure og rusefanga laks i Nordfjord viste eit aukande påslag utover i perioden.

I Trøndelag viste postsmolttrålinga varierande påslag av lakselus, men dei fleste vart funne med lite eller ingen lus. Data frå sjøaure viste betydeleg høgare smittepress enn observert på den trålfanga laksen. Ved Sitter lengst nord i Trøndelag vart det også funne mykje lakselus på sjøaure.

I Nordland vart det berre undersøkt sjøaure. Observasjonane indikerte eit lågt smittepress ved Helgeland og i Steigen, medan det i Vesterålen var litt høgare. Med unntak av den sørlegaste delen vart det i Troms og Finnmark generelt observert lite lakselus både på trålfanga laks frå Alta og frå sjøaure.