Helse Førde:

Første dag utan positive prøver denne veka

Torsdag var det ingen nye positive prøver, etter at Helse Førde analyserte godt over 200 prøver. Dette er første dag sidan søndag der alle analyserte prøver er negative.

Så langt denne veka har tre av 886 prøver vore positive, ifølgje Helse Førde sine tal.  

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon var det ingen nye positive prøver torsdag 10. desember. Helse Førde analyserte totalt 231 prøver.