Helse Førde:

Ein ny person koronasmitta

Onsdag 9. desember vart ein ny person stadfesta covid-19 smitta etter at Helse Førde analyserte over 200 prøver.

Dei siste åtte dagane har tre personar testa positivt for covid-19 etter at Helse Førde har analysert 1461 prøver.  

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon er det klart at ein ny person testa positivt for covid-19 onsdag. Helse Førde analyserte 251 prøver og ein av desse var altså positiv. Den positive prøva kjem frå Kinn. Dette er andre smittetilfelle i Kinn denne veka. Måndag testa også ein person frå Kinn positivt.