Helse Førde sine tal:

Ingen nye smitta

I helga har ingen personar testa positivt for covid-19 etter at Helse Førde har analysert 162 prøver.

Ein må tilbake til tysdag 1. desember for å finne positive prøver, ifølgje Helse Førde sine tal.  

Nyhende

Laurdag og søndag analyserte Helse Førde 113 og 40 prøver og ingen av desse var positive. Ein må no tilbake til tysdag 1. desember for å finne ei ny positiv covid-19 prøve. Tysdag sist veke var det to personar som testa positivt for covid-19 etter at Helse Førde analyserte 309 prøver.