Tatt med 25 gram amfetamin på Nordfjordeid

‒ Mengda er eigna for vidaresal

Illustrasjonsfoto: Olin Maria Yri 

Nyhende

Det var på føremiddagen i går, fredag, at politiet stoppa ein person på Nordfjordeid for kontroll, og fann at vedkomande hadde på seg 25 gram av eit stoff, som politiet antar er amfetamin. Vedkomande er i 20-åra, busett i Stad kommune. Han vart pågripen i Nordfjordeid sentrum, vart teken med til avhøyr, for deretter å bli dimittert.