– Vi må gje barna kulturelle opplevingar

Det var god stemning då elevane ved Stårheim skule tok fatt på klatreveggen på Hamna.

KJEKT MED KLATRING: 6. og 7. klasse storkosa seg med ein aktiv dag med klatring på Hamna Aktivitet og Helse. f.v.: Lars Os Tengs, Gry Hunvik, Theodor Kvalheim Osnes, Aron Starheim Aahjem, Amalie Lien Botn, Ørjan Lillestøl, Sara Josefine Seljeseth, Thea Sofie Vereide Botn, Joakim Strand, Emil Starheim Aahjem (delvis skjult), Trond Atle Langø, Jenny Naas Sandnes, Eline Starheim Lundmoen, Aksel Grodås, Martine Nydal Kvien, Daniel Johan Botn, Torunn Rafshol og Lias Omland. I vindauget: Ariana Kvernevik og Leonora Starheim Lundmoen.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Grunna koronasituasjonen er dei fylkeskommunale tilboda gjennom den kulturelle skulesekken avlyst, og det vert difor ikkje omreisande konsertar eller teaterframsyningar. Ifølgje rektor på Stårheim skule, Gro Iren Nedreberg, har skulane ein pott som skal brukas til kulturelle opplevingar årleg. Stårheim skule har valt å bruke midlane på lokale opplevingar, og elevane får ein dag på Sagastad og ein dag med klatring på Hamna Aktivitet og Helse.