Inviterer til «Give back Friday»

Kosmetikkbutikken The Loox på Nordfjordeid inngår samarbeid med kreftforeininga under Black Friday.

«GIVE BACK FRIDAY»: Frøy Ramnefjell er dagleg leiar hos The Loox på Nordfjordeid. 

Nyhende

– Under Black Friday har The Loox valt å snu denne dagen til ein «Give back Friday» – noko meir positivt. I den samanhengen inngår vi eit samarbeid med Kreftforeininga, og vil donere ti prosent av vår totale omsetning denne fredagen til deira organisasjon. Dermed kan kundane får seg eit godt tilbod og støtte ei god sak i same slengen, fortel Frøy Ramnefjell, dagleg leiar i The Loox.