Torstein Nygård blir forhandlingssjef i Helse Førde

Nygård kjem frå stillinga som avdelingssjef for HR-personal ved A-hus, der han òg har vore konstituert som forhandlingssjef. Han er 50 år.

Torstein Nygård er tilsett som forhandlingssjef i Helse Førde.  Foto: PRIVAT

Nyhende

Nygård er godt kjent med dei ulike tariffområda, men har dei siste ni åra hatt Spekter som tariffområde. Han har tidlegare arbeidd som offiser i Sjøforsvaret, leia for personalseksjonen ved Norges Idrettshøyskole og vore personalsjef i Kripos.