Uvêr, stengde vegar, flaum og ras

Uvêret dei to siste døgna har skapt store problem for trafikken. Dei aller fleste fjellovergangane i Sør-Norge har anten vore stengt eller har hatt kolonnekøyring. Det er ikkje meldt om alvorlege hendingar i Stad kommune.

Illustrasjonsfoto.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Lokalt vart fylkesveg 4755, Fossebakken – Navelsaker stengt laurdag ettermiddag på grunn av fare for ras. I Sogn var Riksveg 13 ved Galden, mellom Vik og Vangsnes, stengt laurdag på grunn av rasfare. Vegen er no opna igjen. Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og E134 over Haukeli hadde kolonnekøyring. Riksveg 7 over Hardagervidda var stengt.