Ny positiv covid-19 test i Stad

Ytterlegare ein person har testa positivt for covid-19 i Stad kommune. det viser testresultat som vart klare seint laurdag kveld.

- Denne veka har ein testa heile 270 personar for covid-19 i Stad kommune. Smittesporingsarbeidet har vore svært omfattande, men ein ser no at innsatsen har hatt god effekt, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.  

Nyhende

Dette melder Stad kommune i ei melding, der ein veiser til at personen det no er snakk om allereie var i karantene som nærkontakt til ein person med påvist smitte, og smittetilfellet har ført til berre éin ny nærkontakt i saka. Smittetilfellet er kopla til den kjende saka der smittevegen kan sporast tilbake til Bergen.