Etter jul må 1,5 millionar tilsette ta stilling til den nye pensjonskontoen

Snart strøymer tilbod inn frå pensjonsselskap som vil lokke deg over til selskapet deira. Det skarpaste blikket skal ein ha på gebyra, rår Forbrukarrådet.

Det er ei stor gruppe med tilsette som ikkje er omfatta av den nye pensjonskontoen som gjeld frå 2021. Kontoen gjeld berre for dei som jobbar i private bedrifter, som har innskotspensjon.   Foto: Erik Johansen

Nyhende

– Det er nok grunn til å anta at dei store selskapa vil leggje vekt på at dette går av seg sjølv. Samanslåinga skjer automatisk, og du som arbeidstakar treng ikkje å gjere noko, seier fagansvarleg Elisabeth Realfsen i Finansportalen hos Forbrukarrådet.