Forbrukarrådet:

Billigvarer frå utanlandske nettbutikkar kan vere livsfarlege

Forbrukarrådet rykker ut med varsku i førjulshandelen om at varer kjøpt utanfor EU/EØS kan vere svært helseskadelege. Kjøper du slike, står du ansvarleg.

Forbrukarrådet rykker ut med varsku i førjulshandelen om at varer kjøpt utanfor EU/EØS kan vere svært helseskadelege. Kjøper du slike, står du ansvarleg. Illustrasjonsfoto.  Foto: Håkon Mosvold Larsen

Nyhende

Ei undersøking gjennomført av den europeiske forbrukarorganisasjonen BEUC i februar viser at to av tre testa produkt kjøpt frå mellom anna Amazon, AliExpress, eBay og Wish hadde alvorlege feil og manglar.