Ein ny har testa positivt i Stad

Ein ny person har testa positivt for korona i Stad kommune.

Ein ny har testa positivt for koronasmitte i Stad kommune. 

Nyhende

- Personen var allereie i karantene som nærkontakt til ein person med påvist smitte, og smittetilfellet har ikkje ført til nye nærkontaktar i saka. Smittetilfellet er kobla til den kjende saka der smittevegen kan sporast tilbake til Bergen. Den smitta er i heimeisolasjon, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld og ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.