Nils Ola Strand ute med bok nummer to:

Ulset, Hjørungavåg - Ei bok om mor, brødre og omsut

Nils Ola Strand, mest kjent som ingeniør i SFE, SV-politikar i gamle Eid kommune og mannen med slåande skråblikk på stort og smått i samfunnet, er ute med si andre bok.

Bok nummer to: Nils Ola Strand er ute med bok nummer to. Som den første boka til Nils Ola, så handlar bok nummer to om familie og oppvekst på Nordvestlandet. – Det tok meg 20 år å skrive den første boka. Med denne har det gått langt raskare, seier forfattaren, ingeniøren og SV-politikaren, Nls Ola Strand. Foto: Tormod Flatebø 

Mitt poeng med boka har vore å ta vare på ting berre eg veit, og som eg vil gi til mine etterkomarar

Nyhende

– Den første boka, «Med kveiteaks i radiatoren», tok det meg 20 år å skrive. Eigentleg var det i utgangspunktet ikkje tenkt som noko bokprosjekt, men meir som ei samling av historier frå barndomen i Lier utanfor drammen. Men det blei no bok av det til slutt, seier Nils Ola Strand.