Tilsette ved Selje legekontor i karantene

  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ein fastlege og ein annan tilsett ved Selje legekontor er sett i karantene som nærkontaktar til ein pasient smitta med korona. - Det har vore kortvarig og avgrensa kontakt og ingen av dei har symptom på infeksjon. Likevel har ein valt å sette dei i karantene som eit tryggingstiltak. Dei to vert testa i dag, opplyser Stad kommune.


Det er ingen risiko for smitte knytt til andre legar og tilsette ved Selje legekontor, og drifta ved kontoret held elles fram som normalt.