Gründerånda blømer i koronatida

Ikkje berre kriser

Koronautbrotet har ikkje berre ført til kriser og pessimisme. Pandemien har òg sett fart på initiativ og nyskaping. Ved Vekst- og gründersenteret til Innovasjon Noreg i Førde har pågangen av førespurnader skote i vêret.

FULL FRES MED ELEKTRISK FRAMDRIFT: Gründer Leif Stavøstrand i selskapet Evoy i Florø har fått støtte til å utvikla eit utsleppsfritt, elektrisk framdriftssystem for båtar. Foto: Tarjei Langeland / Evoy 

Dei som lykkast tenkjer ofte stort frå starten

Nyhende

– På sparringtenesta vår har vi hatt ein auke på 70 prosent så langt i år i høve til i fjor, fortel leiar av Vekst- og gründersenteret i Førde, Hjørdis Vik. Senteret har samtidig fått 66 prosent fleire søknader om marknadsavklaringsstøtte frå april til august i år samanlikna med same periode i fjor.