200 meter over Nordfjorden

Har opna julebutikk på fjellgarden Lotsberg

Om nissen bur på låven er usikkert. Julestemninga er i alle fall ikkje langt unna når ein stig inn i den nyopna julebutikken på garden Lotsberg, rett ovanfor ferjekaia på Lote.

Anne Britt Lotsberg hadde førebudd seg på utstilling i Førde, saman med andre husflidshandverkarar frå Sogn og Fjordane. Men når korona sette ein stoppar for det, opna ho julebutikk i gamlestova heime. Her kan kundane kome om dei avtalar på førehand.  

Nyhende

I butikken finn du alt frå vevne løparar, nissar og snømenn, hekla julepynt og lester, til panneband, pulsvarmarar og sitteunderlag. Pluss noko meir.