Varsalar stillingskutt i Stad Kyrkjelege Fellesråd

─ Ingen ungdomsprest og ingen pilegrimskoordinator

─ Konsekvensar for Stad Kyrkjelege Fellesråd ved å redusere budsjettramma med 10 prosent blir at stillinga som ungdomsprest ikkje vert bemanna, og at stillinga som pilegrimskoordinator ikkje kan vidareførast.

Kyrkjeverje Kristen Hundeide varslar i eit notat til Stad kommune at det føreslåtte kuttet i budsjettet til Stad Kyrkjelege Fellesråd fører til at stillinga som ungdomsprest vert stilt i bero.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det skriv Kyrkjeverje Kristen Hundeide i eit notat til Stad kommune i samband medkommnedirektøren sitt framlegg om å kutte ti prosent i kommunen sine overføringar til Stad Kyrkjelege Fellesråd.