To nye personar er smitta i Stad

To nye personar er stadfesta koronasmitta i Stad kommune.

KRISEMØTE: To nye personar er stadfesta koronasmitta i Stad kommune. Bildet er frå krisemøte med kommuneleiiinga.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Begge dei to er nærkontaktar til den tidlegare smitta som har vore på tur til Bergen, og dei var difor allereie sett i karantene. Dei er no i heimeisolasjon og alle nærkontaktane til desse to er sett i karantene og vil verte testa i dag torsdag.

Stad kommune opplyser at dei vil kome med ny informasjon ved vidare utvikling i saka ettersom arbeidet med smittesporing og testinga held fram.

Ein har framleis ikkje funne grunnlag for lokale tiltak utover dei grunnleggande smitteverntiltaka og dei nasjonale retningslinjene. Aktivitet i skular, barnehagar og andre arbeidsplassar kan halde fram som før, vert det opplyst frå kommunen.

Alle som vert sjuke med feber og/eller luftvegssymptom vert bedt om å ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime til dei har fått negativt svar på testen og føler seg friske.

Alle vert oppmoda til å ha så få nærkontaktar som mogleg i kvardagen, halde avstand til andre og ha god handhygiene.


Helse Føde meldte torsdag morgon at det var fem nye smitta i Kinn og Stad kommune. Etter det Fjordabladet kjenner til er det to nye i Stad, to i Nord-Kinn (tidlegare Vågsøy) og ein i Sør-Kinn.