100.000 kroner til Nomil sitt arbeid med biogassanlegg

Nordfjordrådet løyvde på sitt møte sist måndag 100.000 kroner til Nordfjord Miljøverk IKS sitt arbeid for å realisere eit biogassanlegg i Nordfjord.

Nordfjordrådet løyvde måndag 100.000 kroner til Nordfjord Miljøverk IKS sitt arbeid for å realisere eit biogassanlegg i Nordfjord.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Nordfjordrådet har tidlegare støtta Nordfjord Miljøverk IKS (NoMil) med nærare 14.000 kroner til kunnskapsgrunnlag for alternative metodar for handsaming av avfall (i 2017), og med 50.000 kroner til utarbeiding av forprosjekt for eit mogeleg biogassanlegg i Nordfjord.