Vogntog sperrar E39 på Nordfjordeid

Eit vogntog sperrar vegen mellom Nordfjordeid sentrum og Lotetunnelen.

Eit vogntog sperrar E39 ved Lotetunnelen utanfor Nordfjordeid sentrum, opplyser politiet.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Siste timane har snøen lava ned, og vogntoget skal ha fått problem på grunn av snø og slaps i vegbana.

Vegstenginnga har ført til lang, lang kø av bilar.

- Det er trafikkale utfordringar på grunn av snø/sludd, som legg seg på vegen også i lågare strøk. Per no står minst eitt vogntog fast, opplyser Vest politidistrikt.