Lesarinnlegg

Svar til Jørn Ilje om uredelighet

FOLKEMØTE: Bygdefolket har vore teke med på råd og har blitt oppmoda om å kome med innspel i samband med planarbeidet. Arkivfoto frå folkemøtet i november.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Svar til innlegg av Jørn Ilje Fjordabladet fredag 13 november



På Hauane har vi eit mangfoldigt og aktivt miljø, kan nevne alpint, langrenn, fotball, handball, friidrett, skulemusikk, barneleikarring, hobbyklubb, sommarcamp etc. Vi har bygdelag, idrettslag, bondelag, grunneigarlag, utmarkslag og fleire til. Vi er opptatt av desse tilboda da det gir mykje tilbake både til dei som deltar og dei som tilrettelegger. Det er ti-tusenvis av dugnadstimer i Haugen krins kvart år for oppretthalde dei tilboda vi har for at vi skal gjere Haugen til ein attraktiv plass å bu. Dette vil i neste omgang gjere slik at vi klarer oppretthalde Haugen Skule og barnehage som vi alle er opptatt av. Både eg og du er glade for at både skule og barnehage brukar naturen rundt Åsen bustadfelt , men det er nok midlertidig om vi ikkje får fleire byggjeklare tomter og påfyll av ungar. Og tomter treng vi NÅ da det ikkje er ei einaste ledig, så kanskje vi må ofre litt for å få mykje tilbake. For natur har vi mykje av på Hauane, og vil fortsatt ha det om vi ofrar litt for at fleire skal få bu hos oss.