Smitten flatar ut – Høie åtvarar mot å senke skuldrene

Etter fleire veker med sterk auke er koronasmitten i ferd med å stabilisere seg. Men situasjonen er framleis ustabil.

Auken i koronasmitte er i ferd med å flate ut, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).   Foto: Jil Yngland/ NTB /NPK

Nyhende

– Vi ser teikn til at talet på nye smitta som er registrerte, har flata ut. Auken er ikkje sterk, slik han har vore i mange veker før dette, sa FHI-direktør Camilla Stoltenberg på koronapressekonferansen til regjeringa onsdag.