Kollisjon mellom personbil og traktor

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Oppdatert sak:

I føremiddag kolliderte ein bil og ein traktor på RV 15 i 80-sone like ved Lefdal Mine Datacenter i Lefdal i Stad. Føraren av personbilen vart køyrt til sjukehus i Førde, medan føraren av traktoren har vore til legesjekk på Nordfjordeid.

Frå Stad lensmannskontor får Fjordabladet opplyst at både traktor med hengar og personbilen var på veg austover. Ulukka skjedde ved at personbilen køyrde inn i traktoren då den hadde slakka ned og var i ferd med å svinge av til høgre til ei avkøyrsle.

Vi får opplyst at det vart store skadar på både traktoren og personbilen, og at politiet jobbar med å kartleggje kva som var årsaka. Førebels er det berre føraren av traktoren som er avhøyrd. Rutinemessig vert det oppretta sak.