Elevane skal vere mest mogeleg på skulen

– Vi prioriterer elevar på vg1 og elevar som skal ha undervising på verkstad og laboratorium, sa fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, på orienteringsmøtet til fylkesutvalet 17. november om koronapandemien.

RAUDT NIVÅ: Fylkesutvalet hadde digitalt møte og vart orientert om utviklinga i koronapandemien. 

Nyhende

Fylkesordførar Jon Askeland kalla inn til eit ekstramøte i fylkesutvalet, slik at politikarane kunne bli orientert om utviklinga i koronapandemien og kva innverknad den har på dei fylkeskommunale tenestene. Spesielt situasjonen til elevane, vart drøfta. Målet er at elevane skal vere mest mogeleg på skulen, sjølv om mange av skulane no har raudt nivå.