Leiar:

No er det politikk og prioritering som gjeld

PRIORITERINGAR: Det som politikarane før har sagt ja til, må dei no inn og prioritere. Det er ingen lett jobb dei folkevalde må gjere.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Det som no skjer er at mange grupper blir sett opp mot kvarandre.

Nyhende

Stad kommune må spare rundt 46 millionar kroner for å få eit budsjett i balanse. Kommunen har også ei skyhøg lånegjeld på 1,2 milliardar kroner. Akkurat no er ein heldige fordi lånerenta er så låg, men i finansverda skjer ting fort, og ein renteauke vil slå hardt inn på kommunen vår. Og om lånerenta går opp må ein bu seg på ytterlegare innstrammingar.