Vestland har ikkje økonomi til grøn teknologiutvikling for hurtigbåt

Dyrt med grønt skifte

Korkje Vestland fylkeskommune eller reiarlaget Norled trur dei kan gjennomføre eit grønt skifte i hurtigbåtsektoren utan meir økonomisk stønad.

Hurtigbåt ligg til kai i Bergen: Korkje Vestland fylkeskommune eller reiarlaget Norled trur dei kan gjennomføre eit grønt skifte i hurtigbåtsektoren utan meir økonomisk stønad. Foto: Margunn Sunnfjord/ NPK 

Nyhende

Det kom fram under ein korona-amputert Zero-konferanse tysdag. Konferansen skulle i utgangspunktet gå av stabelen både digitalt og fysisk over tre dagar, men grunna viruspandemien blei han i siste liten avgrensa til to panelsamtalar tysdag.