Ivar Myklebost, styreleiar i Seawalk Nordfjord:

48 cruiseskip booka i 2021

– Seawalk Nordfjord AS ønskjer å vere leiande på vern av miljø ved å kunne tilby landstraum til cruiseskip, samt å legge til rette for grøne transportnæringar for turistar som kjem til Nordfjordeid.

Doblar skipsanløp: Ivar Myklebost, styreleiar i Nordfjord Seawalk AS, orienterte finansutvalet i Stad om utviklingsplanane for selskapet via nett. Myklebost fortalde at det så langt er booka 48 cruiseskip til Nordfjordeid neste år, og selskapet etter planen skal ha på plass landstraum våren 2022.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det sa Ivar Myklebost, styreleiar i Seawalk Nordfjord AS, då han var invitert av ordførar Alfred Bjørlo (V), for å orienterte finansutval og formannskap om utvikling og planar for selskapet i ei tid som har vore ekstra utfordrande for norsk turist- og reiselivsnæring.