– I hovudsak støttar dei kommunedirektøren sine framlegg

– Slik situasjonen er no, er det klart at kutta må takast i alle deler av organisasjonen. Det kan kanskje verte små justeringar, men i hovudtrekk støttar vi kommunedirektøren sine framlegg.

– Vi ser at auke i eigedomsskatt kan vere ei løysing for noko auke i inntektene. Men det er slik at den samla belastninga på privathusstandar etter kvart er relativt stor, med skattar, avgifter og gebyr. Så vi vil strekke oss langt for å unngå dette, seier Jan Vidar Smenes, gruppeleiar for Stad Ap si kommunestyregruppe.   Foto: Tormod Flatebø

Når vi forventar såpass store kutt i heile organisasjonen, tenker vi det er rimeleg at ein politisk går føre og også her tek nokre kutt.

Nyhende

Det seier Jan Vidar Smenes, gruppeleiar for Stad Arbeidarparti si kommunestyregruppe, som samstundes understrekar at årets budsjett vil føre til kutt i stillingar i Stad kommune.