Lite bråk i Nordfjord

Vest politidistrikt fekk natt til søndag inn 35 meldingar om festbråk. I Nordfjord har det vore ei stille natt for politiet.

LITE BRÅK: Det har vore ei roleg helg for politiet i Nordfjord.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Fekk 35 meldingar om festbråk

Vest politidistrikt hadde natt til laurdag ei roleg natt med seks meldingar om festtøy. Natt til søndag vart derimot lit meir travlare med 35 meldingar om festtøy og forstyrringar av nattero.


– Det har vore veldig stille i heile helga i heile Nordfjord. Dei nye restriksjonane avgrensar aktiviteten til folk, og det ser ut til at folk respekterer dette, fortel Morten Hagen, innsatsleiar.

Ifølgje Hagen kom det inn ei melding som gjekk på støy på Harpefossen, men heller ikkje dette var noko.

– Vi var å snakka med dei, men det var nokon som sat ute. Det var ingenting. Dette er einaste meldinga vi har hatt, og dei var innanfor regelverket, seier han.

– Elles ser vi at det er lite folk på utestadane. Det har vore lite trafikk ute i helga, legg han til.

Politiet har vore ute å snakka med folk og kontrollert bilar, men heller ikkje funne noko å melde frå om der, ifølgje Hagen.