Fleire hendingar på Strynefjellet

Mann køyrde i påverka tilstand og MC-ulukke på Strynefjellet

Ein sjåfør som har køyrt i påverka tilstand har blitt stansa av politiet på Strynefjellet fredag. I tillegg har ein MC hamna i autovernet på Strynefjellet.

Ein mann vart fredag stansa av politiet på Strynefjellet.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Vest politidistrikt melder på Twitter at ein mann i 30-åra har køyrt i påverka tilstand på Strynefjellet. Det var rundt klokka 12:23 fredag at bilen vart stansa av politiet, ifølgje Vest politidistrikt.

Politiet har oppretta sak og førarkortet er beslaglagt.

Trafikkulukke på Strynefjellet

Det har også vore ei trafikkulukke på Strynfjellet fredag. Politiet skal ha fått melding om ulukka rundt klokka halv to fredag. Ifølgje Vest politidistrikt på Twitter har ein MC kamna i autovernet. Det skal tyde på at MC har sklidd og så hamna i autovern. Sjåfør er våken, og er frakta i ambulanse til Stryn legekontor.