Politiet ville fengsle truande kvinne – domstolen sa nei

(NPK-NTB): Kvinna som tysdag kveld knivstakk to personar i Svelgen hadde trua med kniv to gonger førre veke.

Politiet ville fengsle truande kvinne - domstolen sa nei.  Foto: Ill.foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Politiet framstilte kvinna for varetektsfengsling i Sogn og Fjordane tingrett laurdag, men fekk avslag på kravet av domstolen. Dermed vart ho på nytt sloppen ut i lokalsamfunnet. Dette var andre gong på ei veke ho hadde trua nokon med kniv.