Trafikkulukke ved Nordfjordvegen

Fredag morgon har politiet fått melding om ei trafikkulukke på riksveg 15.

Fredag morgon har naudetatar rykt ut til ei trafikkulukke ved Nordfjordvegen.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ifølgje politiet har det skjedd ei trafikkulukke ved Nordfjordvegen fredag morgon. Ulukka skal ha skjedd på riksveg 15, ved innkøyrsel til bensinstasjonen på Langeset i Stryn kommune.

Ifølgje politiet var det tre personar i bilen då ulukka skjedde. Desse skal no vere ute av bilen.

Naudetatar er på veg til staden.

Politiet melder at trafikken på staden går som normalt.