Tilbake i Stjernekamp

Det vert eit gjensyn med Alexander Pavelich i Stjernekamp laurdag.

STJERNEKAMP: Alexander Pavelich var med i Stjernekamp i 2018 og røyk i åttande episode. Laurdag er han tilbake og skal synge duett.   Foto: NRK/PRESSE

Nyhende

Laurdag går semifinalen av stabelen i Stjernekamp og det skal avgjerast kva to artistar som går til finalen 31. oktober. Artistane som det står mellom er Knut Marius Djupvik, Ingeborg Walther og Sandra Lyng.

Laurdag vert den niande episoden for sesongen, og artistane skal gjere to låtar kvar, ein i disko og ein i duett. I duettane er det duka for eit gjensyn med tidlegare deltakarar, og ein av dei som vert å sjå er eidaren Alexander Pavelich som var deltakar i Stjernekamp i 2018. Pavelich røyk ut i åttande episode, og fekk aldri synge duett i semifinalen. Laurdag derimot får han endeleg gjere duett i Stjernekamp. Då skal han og Sandra Lyng gjere låten Shallow – Lady Gaga og Bradley Cooper.

TOPP TRE: Alexander Pavelich skal synge duett med Sandra Lyng, som kjempar om finaleplass mot Knut Marius Djupvik og Ingeborg Walther.  Foto: NRK/PRESSE