Mai Elise Hammer skriv dikt om møte mellom menneske

Glad for boka er blitt til

Mai Elise Hammer har skrive ned tankar og kjensler så lenge ho kan hugse. Det meste er blitt til dikt, eller små noveller. Og no er diktboka endeleg blitt realisert.

Forfattar Mai Elise Hammer er glad for at dikta som ho har hatt klar lenge, no endeleg er blitt til ei fysisk bok som har fått namnet «Et kjent punkt i mørket». 

Nyhende

– Dette er viktig for meg. Ein stor dag i mitt liv, seier Mai Elise Hammer. Stolt kan ho vise fram si eiga diktbok. Ei bok som ho har prøvd å få ut på marknaden lenge.