Ope brev til Stad kommune - Okla vindkraftverk

- Vi krev at ordførar stoggar arbeidet med augneblikkeleg verknad

Innbyggarinitiativet: Bård Inge Fløde representerer Innbyggjarinitiativet mot vindmøller på Stadlandet.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Arbeid på ny trasé for tilkomstveg er i strid med vilkår vedteke av Stad kommunestyre

Falck Renewables Vind AS (utbyggjar) har sidan månadsskiftet august/september 2020 arbeidd med å byggje ny tilkomstveg opp til planlagde utbyggingsområde for Okla vindkraftverk.

Dette arbeidet tok til i strid med vilkår vedteke av kommunestyret 7. mai -- m.a. pkt. 7, som har slik ordlyd:

«Stad kommunestyre krev difor at det blir stilt krav til at utbyggjar dokumenterer bankgaranti for opprydding og tilbakeføring etter konsesjonen går ut, eller i tilfelle konkurs. Dokumentasjon må leggast fram før tiltaket vert sett i gang». (Svart tekst utheva av oss).

Dokumentasjon er ikkje framlagt av utbyggjar i samsvar med kommunestyret sitt vilkår.

Vedtaket inneheld i alt 10 pkt. der pkt. 2 b) og 2 c) også har formulerte vilkår. Det pkt. 7 vi har fokus på.

Formell avklaring

IBI har retta spørsmål til Fylkesmannen i Vestland om forståinga av FM sitt vedtak i klagesaka (18.08.2020) knytt til vedtaket i Stad ks av 07.05.2020.

Fylkesmannen i Vestland er klar på følgjande:

Det er lokale plan- og bygningsstyresmakter som har ansvaret for å følgje opp eventuelle avvik frå dispensasjonsvedtaket som er gjort, og/eller dei vilkåra kommunen har sett for dispensasjon. Vi viser til plan- og bygningslova (pbl) kapittel 32, jf. § 32-1 dersom avvik, jf. Lovkommentar til plandelen av plan- og bygningsloven. Revidert utgåve 2020 , Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I Stad kommune er det kommunedirektøren som har det formelle ansvaret for å iverksette og følgje opp vedtak i kommunestyret, jf. § 23, nr. 2 i Kommunelova.

Om saka

Ny trasé for veg vart handsama som dispensasjonssøknad frå kommuneplanen sin arealdel i samsvar med Plan- og bygningslova kapittel 19 «Dispensasjon». Utbyggjar sto som søkjar. Kommunestyret innvilga dispensasjon på vilkår den 7. mai 2020, sak KS 20/068

Kommunestyret sitt vedtak kunne først iverksettast etter Fylkesmannen hadde konkludert i klagesak i brev av 18. august 2020. Men Fylkesmannen er altså klar på at det er Stad kommune sjølv som må følgje opp vilkåra knytt til vedtaket!

Arbeidet på vegen er fortsatt godt i gang, og har halde fram utan stogg.

Ordførar sitt svar av 7. oktober 2020 til eit kommunestyremedlem, er tafatt og bortforklarande om kvifor svikt i oppfølginga. Det er ikkje relevant når ordførar syner til oppmodingar og krav om bankgaranti -- så lenge arbeidet held fram utan ytterleg reaksjon frå ordførar eller kommunedirektør si side.

Kommunedirektøren har i e-post 14. oktober 2020 til IBI konstatert at bankgaranti ikkje finst. Sitat:

«Stad kommune har gitt innsyn i den dokumentasjonen vi har i hende, og har såleis ikkje anledning til å gi meirinnsyn i dokumentasjon slik som de etterspør. Dette er ikkje eit avslag på dykkar innsynskrav, då vi verken kan gi eller nekte innsyn i dokument vi ikkje har».

Ansvarsplassering

Det er ordførar og kommunedirektør som må stå til ansvar overfor kommunestyret for manglande oppfølging av vilkår i pkt. 7.

Det er ordførar og kommunedirektør som overfor kommunestyret skal gjere greie for kvifor utbyggjar fortsatt arbeider på vegen.

Krav

Vi krev fullt innsyn i alle dokument sendt til utbyggjar om kommunestyret sitt vedtak, jf. § 3 og § 11 i Offentleglova.

Vi krev fullt innsyn i dokument om utbyggjar si forståing av vilkår og respons på vilkår, jf. § 3 og § 11 i Offentleglova.

Vi krev at ordførar stoggar arbeidet med augneblikkeleg verknad.

Vi krev at kommunedirektøren med augneblikkeleg verknad iverkset «ulovlighetsoppfølging» i samsvar med § 32-1 «Plikt til å forfølge ulovligheter» i (pbl).

Rettsleg forfølging vil verte vurdert når svar frå Stad kommune ligg føre.

Stadlandet, den 18.10.2020