Braut smittevernreglar

Politiet måtte avslutte ungdomsfest

I natt var det ein ungdomsfest i midtre Nordfjord som gjekk litt over styr og som vi drog til staden for å avslutte, opplyser innsatsleiar for politiet i Nordfjord, Kurt Hammerø.  

Illustrasjonsfoto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Meldinga til politiet gjekk ut på at det på festen var ein del mindreårige som fekk servert alkohol. Ifølgje Hammerø så var det mellom 30 og 40 ungdommar kring myndig alder som var samla i ein privatbustad, og det gjekk relativt fredeleg for seg. Festen løyste seg meir eller mindre opp då politiet kom til staden.