Masterplan for Nordfjordeid

Nyhende

Det gjeld framtida for Eidsgata

Ber om gode idear

Korleis kan ein ta vare på og utvikle Eidsgata? Alle som har ei meining om dette er velkomne til å bidra i eit prosjekt som tek mål av seg til å skape ny glød og entusiasme i det som vert karakterisert som juvelen i kommunesenteret Nordfjordeid.


Prosjektet «Med hjarte for Eidsgata» gjeld berre ein liten del av sentrum. I Stad kommune vert det også jobba med ein overordna masterplan for heile Nordfjordeid, fortel kommunalsjef Kristine Dahl og Stad-ordførar Alfred Bjørlo. Masterplanen omfattar ikkje berre det som er definert som sentrum når det gjeld handel, men også Øyane, skuleområdet og hestesenter. Her vil ein sjå på framtidig bruk av areal inklusive grøntområde og sjøareal.