‒  Kva med elektrisk go-cart på taket av Alti?

Stad kommune har invitert til tankedugnad for å få framtidsidear for Eidsgata og Nordfjordeid som sentrum. Ein av dei som stiller opp med fleire konkret forslag er Sp-politikar Paul Jacob Helgesen.

AKTIVITETAR: ‒ Det er viktig å tenke opplevingar for å trekke folk hit for å handle. Kva med elektrisk go-cart på taket av Alti, foreslår Helgesen. Han roser tilbod som Hamna, men vil gjerne ha fleire aktivitetar.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det gjeld framtida for Eidsgata

Ber om gode idear

Korleis kan ein ta vare på og utvikle Eidsgata? Alle som har ei meining om dette er velkomne til å bidra i eit prosjekt som tek mål av seg til å skape ny glød og entusiasme i det som vert karakterisert som juvelen i kommunesenteret Nordfjordeid.


Nordfjordeid konkurrerer ikkje berre mot større handelssenter som Førde og Moa, men også i stor grad mot netthandelen. Helgesen meiner difor at ein må sikre ein felles, langsiktig strategi som gjer at Nordfjordeid er plassen alle ynskjer å reise til, både for å handle og for å få andre gode opplevingar. Dette handlar ikkje minst om aktivitetar for både barn og unge utanom shopping og at her fint og triveleg.