Sluttspel jenter 15/17 år

Tap i første finalekamp

Førde 1 vart nummeret for store for Eid i den første av to finalekampar i sluttspelet om KM-tittel  i klassen jenter 15/17 år.

Einaste målscorar: Lene Refsnes vart einaste målscorar for heimelaget i den første av to finalekampar i sluttspelet mot Førde 1.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Eid jenter 15/17 år hadde før møtet med Førde 1 ikkje tapt ein einaste kamp i årets sesong. Laget hadde vunne alle sine sju kampar, scora 38 mål og berre slept inn 4. Førde 1 i semifinalen på si side hadde også full poengpott i sine seks kampar i serien. Laget hadde scora 29 mål, og til liks med Eid, så hadde dei berre slept inn 4. mål i serien. Det var med ord ingen tvil om at det var dei to beste laga som sto på kvar sin banedel på Eid Idrettspark laurdag ettermiddag.