Opnar handverksutsal i Eidsgata

Aud Hjelle, Synnøve Torheim, Gitte Lefdal og Siv Englund Smørdal har gått saman om å leige lokale ved bokhandelen i Eidsgata der dei skal etablere eit handverksutsal.

GIR LIV I GATA: Dei fargerike damene Aud Hjelle, Gitte Lefdal og Synnøve Torheim m fl. har tenkt å bidra til meir liv i sentrum med å opne handverksutsal i Eidsgata. ‒ Det er kjempeviktig å få meir liv i gata, seier Gitte Lefdal. Damene er gira på å vere med på å gjere miljøet i Eidsgata meir mangfaldig.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

For desse damene er ikkje vegen så lang frå tanke til handling, og planen er å opne dørene allereie laurdag om 14 dagar. Dei vil gjerne vere med på å gje meir liv til Eidsgata, og vil by på eit bra utval av handverksprodukt. I første omgang mest eigenproduserte, men etter kvart håper dei på å få fleire med på laget.