Det går betre no

Nyhende

Kommunestyret i Stad har budsjettert med ei avkastning på 6.600.000 for midlar plassert i ekstern forvaltning. Etter ein kraftig koronanedtur i vår, så går det no rett veg. Porteføljen har hatt ein samla verdiauke på 1.428.376 kroner i september. Hittil i år er avkastninga pluss 2.909.925 kroner ved utgangen av september.