Ørnulf Opdahl stiller ut litografi i Førdehuset

Ørnulf Opdahl sin kunst er innkjøpt både til Paris og London. No kjem han med litografi til Førdehuset.

Det er litografi av Ørnulf Opdahl som kan opplevast i Førdehuset i to veker framover. Sunnfjord kunstlag er arrangør av salsutstillinga. 

Nyhende

Utstillinga opnar i morgon, og vil bli open til og med 1. november. For mange er Opdahl mest kjend for sitt samarbeid med dronning Sonja. Han blir i dag rekna som ein av dei aller fremste biletkunstnarane i Norge.