Vestland krev lærebøker på nynorsk

Fleire vidaregåande skular i Vestland har ikkje fått lærebøker og læremiddel på nynorsk i enkelte fag. I ei fråsegn krev hovudutval for opplæring og kompetanse lærebøker på begge målføre til same tid og til same pris.

MANGLAR LÆREBØKER: Hafstad er ein av dei vidaregåande skulane i Vestland som ikkje har fått nynorske lærebøker i enkelte fag.  Foto: Bjarte Brask Eriksen

Nyhende

I utvalet stilte Alexander Fosse Andersen, Sp spørsmål om dette og sette på vegner av Sp, A, FNB, FrP, H, MDG, SV og R fram forslag om fråsegn. Den vart samrøystes vedteken og blir sendt til forlag og andre produsentar av læremiddel.