Sklei av reie på Gildra

Dei spektakulære reiene som er plasserte på Gildra naturmøteplass har medført stor tilstrøyming av folk som vil prøve og ikkje minst ta instagrambilde av personar i fart med den flotte naturen og utsikta som ramme.

Illustrasjonsfoto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Det er Hestehoven 4H som har laga til naturmøteplassen med gapahuk, sitjeplassar, bålplass og der det no også er to reier, som i sommar vart opna av sjølvaste miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn og der Stad kommune også bidrog.