Kultur, historie og natur

Selje Hotell skal bli ein diamant og motor

Nye Selje Hotell vert karakterisert som ein diamant, og skal bli ein motor for vidare utvikling.

Selje Hotell: Slik ser ein for seg uteavdeling med spa og strand ved det nye Selje Hotell. illustrasjon: LINK Arkitektur 

Nyhende

– Prosjektet vårt er større enn vi tenkte for eit år sidan. Men ein god del ting måtte falle på plass før vi kunne legge fram skisseprosjektet vår. Endeleg kan vi gjere det. Det er heilt rett tid, for no er det mange ting som skjer både med stadutvikling, reiselivsnettverk, og kloster- og pilegrimssenter. Alt dette legg grunnlag for ny næring, seier styreleiar Liv Koller-Borg i Selje Hotell Invest AS. Ho karakteriserer hotellplanane som spennande, og at destinasjonshotellet skal vere ein dynamo for Selje.