Ikkje napp i første runde

Etter elleve år som kyrkjeverje i Eid, no Stad, takkar Kristen Hundeide for seg ved årsskiftet. – Jobben er variert og spennande, så ikkje ver redd for å søke, seier han.

På jakt: Kyrkjeverje Kristen Hundeide jaktar på sin etterfølgjar. – Vi lyser no ut stillinga som kyrkjeverje i Stad på nytt, seier Kristen Hundeide som legg til at ingen bør vere redde for å søkje på ein utfordrande, allsidig og svært spennande jobb. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

I følgje avtroppande kyrkjeverje, er jobben som kyrkjeverje svært allsidig, der kvar dag byr på nye oppgåver og nye utfordringar. Kyrkjeverja i Stad har arbeidsgjevaransvar for 22 tilsette, ansvar for vedlikehald av åtte kyrkjer, gravplassar, maskiner og utstyr, budsjett og økonomi.