Kronikk

Framtida for mjølkeproduksjonen

For norsk landbruk vil ein eigen investeringspakke for mjølk vere avgjerande.  Investeringane og fornyinga må også halde fram i andre produksjonar.  Ein ekstra investeringspakke for mjølk er difor viktig for heile norsk landbruk.

Det er ei politisk målsetting at mjølkebruk på mellom 15 og 30 kyr skal prioriterast ved tildeling av investeringsstøtte. Vi ser i dag at få bygger lausdrift for mindre enn 30 kyr, av den enkle grunn av at dei ikkje får ei lønnsam investering, sjølv ved max tilskot, seier bondelagsleiar: Anders Felde.   Foto: Privat

Nyhende

Utkjøpsordninga på mjølk viste at mange «mindre» mjølkeprodusentar i båsfjøs ikkje ser på seg sjølve som ein del av framtida innan mjølkeproduksjonen. Det er framleis «kø» for å slutte i fleire av fylka. Jordbruksforhandlingane i 2021 MÅ gje eit framtidshåp også for mjølkebruka under 30 kyr, ikkje minst må ein vise at ein vil legge til rette for at alle storfe er i lausdrift i 2034.