Dansar og koreograf frå Folkestad

Solveig Styve Holte (36) frå Folkestad er dansar og koreograf. Tysdag 3. november kjem ho til Operahuset Nordfjord saman med Rannei Grenne.

Solveig Styve Holte frå Folkestad er utdanna innan samtidsdans. Snart skal ho danse på scena i Operahuset Nordfjord.  

Nyhende

Solveig Styve Holte (f. 1984 i Volda) er utdanna dansekunstnar frå Den Norske Balletthøgskule frå 2003–2006 og Skolen for Samtidsdans 2007–2008 og i Koreografi ved Kunsthøgskulen i Oslo frå 2013–15.

Holte har i fleire år hatt samarbeid med samtidskomponisten Magnar Åm frå Volda. I samarbeid med andre var ho med på tingingsverket «Endevendinga» til Dei nynorske festspela i juni 2014.

Danseframsyninga i Operahuset heiter «Flakkande røynd», der publikum skal sitje på scena rundt utøvarane. Ei framsyning i møte mellom dans, musikk og mote.